Forfatterveiledning

Forfattarrettleiing
Artiklar til RISS leverast på e-post (rissred@gmail.com) til redaksjonen innan annonsert tidsfrist. Rettigheita til artikkelen delast av artikkelforfattar og RISS. RISS har det redaksjonelle ansvar, medan artikkelforfattar er ansvarleg for personlige ytringar.

Manuskript vert teke i mot på skandinaviske språk eller engelsk, og skal vere på om lag 2000 ord (cirka fire til seks sider). Teksten skal ha underoverskrifter og skriftstorleik 12 med 1,5 linjeavstand. Bilete og/ eller illustrasjonar skal leggjast ved manuskriptet. Dei skal vere av god oppløysning og nummerert/ ha presis illustrasjonstekst. Illustrasjonsteksten og namn på fotograf skal stå sist i dokumentet.

RISS er eit populærvitskapleg organ. Manuskriptet skal helst ikkje bestå av ei ordinær litteraturliste, men ei som tilrår til vidare lesing og fordjuping i det emnet du har skrive om. Med mindre du nyttar direkte sitat er det slik ikkje behov for kjeldetilvising i teksten.

Manuskriptet må innehalde forfattaren sitt namn og tittel.

Redaksjonen tek atterhald om rett til siste korrektur før publikasjon.

Innleveringsfrist: 1. mars 2017.